Norsk folkedraktforum arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg. Nff sitt syn er at eg som bunadbærar er med og viser fram norsk kultur. Ein ser i dag mange som bruker bunad utan at hovudplagget er med. Hovudplagg høyrer med til ein lokal draktskikk. Nff ønsker med dette prosjektet - utan å rette fram peikefingeren eller å være belærande - å kaste lys over denne delen av bunadkulturen. Prosjektet realiseres i samarbeid med og i forståing med Norsk institutt for bunad og folkedrakt og er ei støtte til deira arbeid. Kulturrådet stør prosjektet økonomisk.
Reint praktisk gjennomføres prosjektet ved at det dannes regionale arbeidsgrupper. Desse vil hente inn/systematisere kunnskap og registreringar innafor feltet hår/hovudplagg. Dei vil sy opp nye hovudplaggmodellar. Ein vil så produsere lokale utstillingar og informasjonsmateriale. I tillegg til sauma modellar vil ein også nytte seg av foto – også av heile drakta med hovudplagget på.
Om lag 20 grupper er no i gang med arbeidet. Meir enn 10 av desse har alt kommi så langt at dei har miniutstillingar/eksempel frå sitt distrikt under fagseminar/årsmøte i Nff mars 2020.
Vi vonar at hovudbunad-arbeidsgruppene i Nff vil bli sentrale deltakarar i dei regionale møta som arrangeres i UNESCO-prosjektet i 2020. Til årsmøte/fagseminar i Nff 2021 planlegg ein å lage ei utstilling som kan vandre landet rundt. Dei lokale arbeidsgruppene kan vera vertskap og ut-stillinga skal også tilbys skolar og museum. Prosjektet leies av ei styringsgruppe: Kirstine Prestmoen Tallerås, Sidsel Tischbein og leiar Helga Reidun Bergebakken Nesset. Om du ønsker å danne ei lokal gruppe eller delta på anna vis, så ta kontakt med ei av desse tre.